Val 2021

For dei mange, ikkje for dei få

Små forskjellar og ein solid velferdsstat gir gode liv for dei mange. Men aukande forskjellar i makt og rikdom riv opp fellesskapet og svekker demokratiet. Høgresida erstattar folkemakt med pengemakt. Milliardærane har fått store skattekutt på arv, formue, eigedom og inntekt. Vanlege folk har fått velferdskutt og avgiftsaukar.

Regjeringa forsterkar forskjellane. Sidan 2013 har dei delt ut 37 milliardar i skattekutt, stort sett til dei aller rikaste. Samtidig har dei fjerna golvet i velferdsstaten og servert mange usosiale kutt – i arbeidsavklaringspengar, arbeidsløysetrygd, nødvendig fysioterapi, bilordning for bevegelseshemma, barnetillegg og bustøtte for uføre, feriepengar på dagpengar, brillestøtte for barn, uføretrygd ved deltidsarbeid, fri rettshjelp og mykje meir.

Det felles sikkerheitsnettet har vore under angrep i 8 år. Me må bygga det opp igjen!
SV vil spreia makt og rikdom på fleire. Å eiga sin eigen bustad skal vera mogleg for alle, og du skal ikkje bli blakk av å gå til tannlegen. Fiskekvotar skal tilhøyra folk langs kysten, ikkje styrtrike investorar. Bønder må sikrast ei inntekt å leva av, også på små og mellomstore bruk. Natur, eigedom og velferdstenester skal ikkje seljast på billigsal til internasjonal kapital, men tilhøyra oss i fellesskap. Arbeidsfolk sine rettar skal styrkast, ikkje svekkast. Fleire skal ha ein jobb å gå til, med ei lønn å leva av.

Festen for dei rikaste og mektigaste på kostnad av dei mange må ta slutt. Noreg treng ein kraftfull politikk for utjamning av forskjellar og rettferdig fordeling av makt og ressursar.

SV går til val for eit rettferdig Noreg, eit rettferdig grønt skifte og ei raudgrøn regjering. Eit sterkt SV er nødvendig for å sikra eit raudgrønt fleirtall med vilje til å skapa ein ny kurs for Rogaland og Noreg.

SV vil:

Eit rettferdig grønt skifte

Industrien utanom olja er på eit rekordlågt nivå. Samtidig løper klimaet løpsk og me har store tap av natur. Denne tredelte krisa krev kraftfulle tiltak som kuttar utslepp, vernar natur og bygger ny, grøn industri med fast tilsette fagarbeidarar.

Me vil bygga samfunnet i tråd med 1,5-gradersmålet, fordi me vil ha ein leveleg klode. Me vil bygga kompetanse og kapasitet i dei grøne næringane, fordi me tar arbeidsfolk og industrien på alvor. Me vil at produksjon og forbruk av energi skal skje på naturen og demokratiet sine premiss, og me vil utvikla norsk teknologi.

Investeringane må flyttast frå oljeleiting i nye område til karbonfangst- og lagring, flytande havvind, hydrogen, grøn skipsteknologi og bioindustri. Noreg sin sterke maritime kompetanse og kvalifiserte arbeidarar er eit unikt utgangspunkt.

Investeringane må samtidig tilpassast leverandørindustrien, slik at dei gir faste jobbar. Saman med fagbevegelsen krev SV ei avvikling av bemanningsbransjen. Det vil styrka arbeidsfolk og gi fleire lokale arbeidsplassar – ikkje minst hos verfta på Buøy, Risøy og Eigerøy.

Eit arbeidsliv med faste jobbar er eit nødvendig vilkår for god fagopplæring, kompetanseoppbygging og fagorganisering. Sterke arbeidarfellesskap er nødvendig for eit rettferdig grønt skifte.

SV seier

* ja til grøn industribygging

* ja til demokratisk styring av produksjon og forbruk av energi

* nei til at EU får makt over energipolitikken, og nei til nye utenlandskablar

* nei til vindkraft på land og nær kysten

* ja til å sikra kraft til industrien, nei til elektrifisering av sokkelen med kraft frå land

* ja til å avvikla bemanningsbransjen

Folkestyre og ein sterk velferdsstat

SV vil ha gode lokalsamfunn i heile Rogaland, med likeverdig tilgang til skule, helse og andre velferdstenester. Då må tenestene vera tilpassa innbyggarane sine faktiske behov, og dei som jobbar der må kunna bruka sunn fornuft. Velferdsstaten skal vera nær folk, bygga på tillit, og vera demokratisk styrt.

Sentralisering og marknadsstyring gjer velferdsstaten mindre tilgjengeleg.Samanslåing av kommunar og nedlegging av skular, helsetilbod og andre tenester svekker lokalsamfunna. Skjemavelde og detaljstyring fråtar både tilsette og innbyggarar makt til å påverka. Dette vil SV ha slutt på.

Barnehagar, barnevern og eldreomsorg skal gi innbyggarane gode tenester, ikkje profitt til eigarane. Kommersielle selskap skal ikkje ha sugerør ned i skattepengane. Kvar krone skal gå til ungane, dei eldre og brukarane av velferdsstaten.

Sjukehusa blir i dag styrt av fleire nivå med byråkratar, langt unna demokratisk kontroll. Inntening er blitt viktigare enn pasientens behov. SV meiner at sjukehus ikkje skal drivast som butikk. Me vil ha demokratisk styring av heile velferdsstaten.

SV vil ta styringa og tenestene tilbake, og gi rom for at fagfolk kan bruka skjønn. Me vil la dei tilsette få bruka hovudet, i staden for å fylla ut skjema.

SV vil:

Rogaland SVs kandidatar til Stortingsvalet:

1Ingrid Fiskaa (Time)
2Paal Kloster (Stavanger)
3Anniken Heimdal Tjøstheim (Strand)
4Alice Botnen Akselsen (Haugesund)
5Øyvind Grassdal (Sauda)
6Bettina Lindgren (Sola)
7Eva-Tone Breivik (Sandnes)
8Josef Nabavi (Klepp)
9Jeanette Lea Romslo (Hå)
10Eirik Faret Sakariassen (Stavanger)
11Silje Sværen (Hjelmeland)
12Halvor Thengs (Eigersund)
13Trine Meling Stokland (Haugesund)
14Ask Brekke (Randaberg)
15Gerardo Diaz (Sandnes)
16Ingrid Vikse (Stavanger)
17Lars Helge Strand (Gjesdal)
18Monika Kvilhaugsvik (Karmøy)
19Tone Mari Sand (Suldal)
20Heidi Bjerga (Sandnes)