Den reine og billege vasskrafta er grunnlaget for det moderne Noreg. I over hundre år har streng nasjonal styring og kontroll skapt eit industrieventyr som har gitt oss velferd og eit teknologisk forsprang på fleire felt. Krafta vår er også grunnlaget for ny, grøn industri.
Dette norske eventyret kan gå mot ein tragisk slutt: Stortingsfleirtalet kan om kort tid koma til å gi vekk den nasjonale styringsretten til EUs energibyrå (ACER). Regjeringa har tilrådd dette, og Stortinget avgjer spørsmålet allereie i mars.
Energi og energiflyt blir omtalt som EUs femte «fridom» ved sida av den frie flyten av varer, kapital, arbeidskraft og tenester. Stadig vidare fullmakter til energibyrået ACER er eit hovudmiddel for å verkeleggjera målet om ein full energiunion. Norsk fornybar kraft kan bidra til å gi EU ein etterlengta «grøn» profil, og dekka delar av EUs store energibehov.
Stadig fleire kablar til utlandet og styring av energiflyten dit EU treng han mest, betyr at me gradvis «importerer» den europeiske straumprisen. Berre nokre øre auke i straumprisen kan vera øydeleggande for den kraftkrevjande industrien rundt om i Noreg. Rogaland SV vil prioritera stabil og billeg kraft til norsk industri framfor å eksportera krafta ut av landet. Kortreist straum er også miljøvennleg. Lang kabeltransport gir stort straumtap på vegen.
Regjeringa føreslår at Noreg skal tilsluttast EUs energibyrå ved å bruka overvakingsorganet i EØS – ESA – som mellomstasjon. ESA skal motta vedtak frå ACER og kopiera dei over til ei ny Reguleringsmyndigheit for energi (RME). RME skal vera uavhengig frå nasjonale styresmakter, og vil vera underlagt EU. Det ei grov omgåing av Grunnlova når regjeringa lèt som om dette ikkje inneber ei avståing av suverenitet.
Både forslaget om tilslutning til EUs energibyrå og behandlingsmåten det blir lagt opp til er fullstendig uakseptabelt. Rogaland SV krev at folket, gjennom norske styresmakter, skal ha full styringsrett over naturressursane våre.
Rogaland SV krev derfor at
Vedtatt av Rogaland SVs årsmøte 24. -25. februar 2018.
Innlegget sto på trykk i Stavanger Aftenblad 5. mars.