Å føde barn er verdas viktigaste jobb. Starten på livet er den viktigaste fasen i heile livsløpet. God oppfølging etter fødsel er derfor svært viktig. Forsking viser at kroppskontakt og ro etter fødsel er avgjerande for mødrehelse og barnehelse. Grundig oppfølging etter fødsel kan førebygge fødselsdepresjon hjå mor, det har mykje å seie for tilknytinga mellom mor og barn og det kan vere avgjerande for å få til amming.
Likevel er fødsel og barsel, starten på livet, blitt ein salderingspost, både lokalt og nasjonalt. På ti år har den gjennomsnittlege liggetida etter fødsel på norske sykehus gått ned frå 3,2 døgn i 2007 til 2,7 i 2016, ifølgje Folkehelseinstituttet. Fleire sjukehus gjennomfører allereie eller planlegg å sende fødande heim same dagen som dei har født. Samstundes manglar det mellom 600 og 700 jordmorårsverk i kommunane for å sikre forsvarleg barselomsorg etter at mor og barn har kome heim. Jordmorforeininga har slått alarm og fryktar auka spedbarnsdødelegheit.
Vår region er ikkje noko unntak. Helse Stavanger er under press for å redusere liggetida etter fødsel. No blir nytt sjukehus på Ullandhaug planlagt – utan barselhotellet som sjukehuset har i dag. Samstundes har ikkje kommunane i regionen nok jordmødrer til å følgje opp etter heimkomst. Dette er risikosport for både mor og barn si helse. Dette kan vi ikkje stå og sjå på!
Rogaland SV tar kampen for starten på livet!
Fleire jordmødrer til kommunane! Nei til redusert liggetid etter fødsel ved nytt sjukehus!
Vedtatt av Rogaland SVs årsmøte 24. -25. februar 2018.