Kjære medlem i Rogaland SV. Laurdag samlar me medlemmer frå heile fylket, og du er invitert.
Me lever i ei brytningstid. Me ser brutale krigar i Palestina, Ukraina og Sudan. Presidenten i USA går til angrep på demokratiet og truar til og med USAs allierte. Naturen og livsgrunnlaget er under sterkt press frå klimaendringar og nedbygging. Forskjellane aukar medan tek-oligarkane og andre milliardærar formar samfunnet i sitt bilde.
Å organisera motstand er viktigare enn nokon gong, og til hausten er det val i Noreg. SV er eit kampfellesskap for alle oss som ikkje vil stå og sjå på at verda går i feil retning.
Laurdag 3. mai samlast me på Folkets hus i Stavanger frå kl. 10.00. Etter programslutt kl. 18.00 blir det middag og sosialt for alle som kan og vil. Heile arrangementet er gratis, og du kan delta på dei delane av samlinga som passar for deg.
Marthe Hammer, som er SVs førstekandidat i Hordaland, innleier om kampen mot Trump ytre høgre frå kl. 12.00. Rogaland SVs eigen førstekandidat Ingrid Fiskaa snakkar om strategi for valkampen og vegen vidare. I tillegg blir det korte innlegg om dei viktigaste sakene i vår tid: Natur og klima, velferdsstatens framtid, kraft og industri, EU og EØS, rettferdig fordeling og fred og sikkerheit. Du vil også få høyra meir om praktisk organisering og valkamp.
Stad: Folkets hus i Stavanger
Kl. 09.30: Kaffi og drøs
Kl. 10.00: Velkommen ved Heidi Bjerga, leiar i Rogaland SV
Kl. 10.15: Ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt. Korleis kan me engasjera og mobilisera fleire? ved Ingrid Fiskaa
Kl. 11.30: Lunsj
Kl. 12.00: Hovudinnleiing ved Marthe Hammer: Kampen mot Trump og ytre høgre
Kl. 13.30: SVs viktigaste saker. Innlegg med spørsmål og svar. Vel mellom to tema:
Kl. 14.15: Praktisk organisering og mobilisering. Vel mellom to tema:
Kl. 15.00: SVs viktigaste saker. Innlegg med spørsmål og svar. Vel mellom to tema:
Kl. 15.45: Praktisk organisering og mobilisering. Vel mellom to tema:
Kl. 16.30: SVs viktigaste saker. Innlegg med spørsmål og svar. Vel mellom to tema:
Kl. 17.15: Praktisk organisering og mobilisering. Vel mellom to tema:
Kl. 18.00: Avslutning og middag