Valg 2025
Stem for naturen, trygg kvardagsøkonomi og internasjonal solidaritet

Di stemme avgjer kva som skal skje dei neste fire åra.
Vil du at me skal ha lik tilgang til gode helsetenester, i staden for å la dei med mest pengar gå fremst i køen?
Vil du ta vare på naturen i Rogaland, i staden for å legga han under asfalt og betong?
Vil du støtta opp om fagfolka i velferda vår, i staden for å la sjukeheimar og skular styrast av stoppeklokker og rapportering?
Vil du at den fornybare krafta skal tilhøyra oss i fellesskap og brukast til felles nytte, i staden for at ho skal seljast til høgstbydande på ein europeisk marknad?
Vil du få ned prisen på mat, bustad og straum, i staden for å la kjøpekrafta til dei rikaste bestemma prisane?
Vil du ha trygg, kortreist mat produsert av norske bønder, og ikkje gjera oss endå meir avhengige av import frå utlandet?
Vil du at Rogaland skal ha fleire bein å stå på, i staden for å gjera oss endå meir avhengige av olje og gass?
Vil du at Noreg skal visa internasjonal solidaritet og arbeida for fred, og ikkje støtta oss på Trump i utanrikspolitikken?
Ei stemme til SV er ei stemme for forandring og handlekraft.
Me har det ikkje berre i kjeften, men arbeider kvar dag for å flytta makt frå dei få og til dei mange. SV vil at alle skal leva trygge liv og kunna påverka samfunnet rundt oss. Me har brukt dei siste fire åra til å kutta prisane hos tannlegen, på SFO og i barnehagen. Samtidig har me auka minstepensjonen, studiestøtta og barnetrygda. Me har kutta klimautslepp og verna natur.
Framover skal me få til mykje meir. Du er velkommen med på laget!

Rogaland SV vil:
- ta kontroll over krafta. Me vil prioritera straum til industri og vanleg forbruk i heimane våre, til ein låg og stabil pris.
- forsvara velferdsstaten. Fagfolk som lærarar og helsepersonell må få tillit og handlingsrom. Sjukehusa skal styrast av folkevalde og ikkje tvingast til å kutta.
- verna om naturen og matjorda. Me seier nei til vindkraft på land, svære datasenter og breie motorvegar, og ja til kutt i klimautslepp.
- redusera fattigdom og forskjellar. Ingen ungar skal veksa opp i fattigdom. Me vil få ned bustadprisane og auka satsane i folketrygda.
- sikra grøn og rettferdig verdiskaping. Rogaland treng fleire bein å stå på enn olja. Me vil ha ei gradvis omstilling til meir klima- og naturvennleg industri.
- ta internasjonal solidaritet på alvor. Oljefondet skal ikkje brukast til å finansiera folkemordet på palestinarane.