Stad: Tysværtunet kulturhus i Aksdal.
Kven er invitert? Alle styremedlemmer i lokallaga. Medlemmer i valkomitear, nominasjonskomitear og programkomitear er også velkomne.
Praktisk informasjon: Det er gratis å delta, og Rogaland SV dekkar reiseutgifter. Det blir servert kaffi/te og lunsj.
Etter at programmet er ferdig er alle velkomne til middag og sosialt på Biografen kafé. Rogaland SV spanderer maten, den enkelte betaler drikke sjølv.
Program
11.00-11.15 Velkommen ved fylkesleiar Reidar Sand. Presentasjonsrunde og presentasjon av programmet.
11.15-12.00 Listestilling og nominasjonsprosessar. Korleis få stilt ei (god) liste til lokalvalet og gjennomføra ein god nominasjonsprosess? Innlegg ved Gjertrud Kjellesvik, Haugesund SV. Diskusjon.
12.00-12.30 Lunsj
12.30-13.15 Innbyggarkontakt. Korleis koma i kontakt med innbyggarane i kommunen? Dørbanking og andre metodar. Innlegg ved Frederik Aalo Flood, leiar i Haugesund SV. Diskusjon.
13.15-14.00 Partiveteranar fortel om korleis det var å stifta eit parti og samla eit ueinigheitsfellesskap. Innlegg ved Oddmund Paulsen og John Ferkingstad.
14.00-14.15 Pause
14.15-15.00 Medlemsaktivisering og medlemskontakt. Korleis kan fleire medlemmer bli involvert i arbeidet og bidra med det dei kan? Korleis følgja opp medlemmene? Innlegg ved Ingrid Fiskaa, medlemsansvarleg i Rogaland SV. Diskusjon.
15.00-15.45 Programarbeid fram mot lokalvalet. Diskusjon. Innlegg ved Henning Bratthammer, leiar i Tysvær SV.
15.45-16.00 Pause
16.00-16.45 Styrearbeid. Fordeling av ansvar i styret. Korleis få styret til å arbeida godt saman? Innlegg ved Bente Kleppe, leiar i Vindafjord SV. Diskusjon.
16.45-17.00 Oppsummering og evaluering