Forsvar naturen – nei til vindkraft på land

Klimakrisa og naturkrisa er to fundamentale trugsmål mot livet på jorda, og dei må løysast i lag. På den eine sida er klimaendringane éi av årsakene til masseutryddinga av naturartar, og på den andre sida fører naturkrisa både til større klimautslepp og dårlegare motstandskraft mot klimaendringar. Den storstilte vindkraftutbygginga som er på gang, har store negative konsekvensar for dyre- og plantelivet. Det finst dessutan langt betre måtar å skaffa meir fornybar energi på. Rogaland SV meiner derfor at vindkraftutbygginga på land no må stoppast.

Rogaland SV meiner at all fossil energibruk i Noreg skal fasast ut innan 2040. Dette målet er mogleg å nå utan storstilt utbygging av vindturbinar dersom me satsar stort på energisparing og energieffektivisering. I tillegg må me oppgradera eksisterande vasskraftverk, og ta i bruk meir solenergi, biogass og hydrogen. Havvind kan også vera ei moglegheit, ikkje minst som ei satsing for norsk industri, så lenge det ikkje kjem i konflikt med fiskeri og viktige naturverdiar til havs. Rogaland SV meiner det må lagast ein samla plan for behovet for energi i Noreg før det blir tatt avgjerder om ny kraftutbygging.

Måten vindkraftutbygginga skjer på, er uakseptabel. Lokalsamfunn og demokrati blir sett under press frå ein pengesterk vindindustri. Vindturbinar blir sett opp sjølv om dei folkevalde i kommunen har sagt nei. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) overstyrer lokale avgjerder, sjølv om det er gjort feil i saksgangen. NVE tillet bygging av vindkraftanlegg utan konsekvensutgreiing av store endringar, og samtidig med at behandling av dispensasjonssøknader pågår.

Både norske og internasjonale kapitalinteresser har tent seg rike på rasering av norsk natur. At dette blir gjort i klimaets namn, er skadeleg for klimakampen. Rogaland SV meiner at alle større kraftverk skal vera i fellesskapets eige, at vertskommunane skal bli kompensert for naturinngrep med skatteinntekter, og at viktige verdiar knytt til natur, landskap, friluftsliv, kulturminne og reiseliv skal telja meir enn i dag.

Rogaland SV seier nei til meir vindkraft på land. Det betyr nei til nye konsesjonar, og at gitte konsesjonar blir trekt tilbake der bygging ikkje er sett i gang eller vilkåra i konsesjonen ikkje blir respektert. Fleire stader ser me at det ikkje er gjort gode nok undersøkingar før konsesjon vart gitt, at miljøfaglege råd ikkje er lytta til og at planar blir endra undervegs. Energilova opnar for at konsesjonar kan gjerast om, både ut frå «allmenne interesser» og når konsesjon er gitt på grunnlag av «uriktige eller ufullstendige opplysningar om forhold av vesentleg betyding». Rogaland SV krev på denne bakgrunnen at konsesjonane til Vardafjell i Sandnes, Faurefjell i Bjerkreim, Tysvær, Dalbygda og Gismarvik i Tysvær og Gilja i Gjesdal blir trekt tilbake.

Vedtatt av årsmøtet i Rogaland SV 15. -16. februar 2020.