Klimaendringane trugar sjølve livsgrunnlaget vårt. Noreg har signert Parisavtalen, der me har forplikta oss til å redusere utsleppa. SV meiner me må kutte utsleppa med 70% fram mot 2030. Innan 2040 skal Noreg vera fritt for fossile utslepp. Den vestlege verda står for mykje av utsleppa, og må difor ta sin del av kutta. I solidaritet med resten verda kan me ikkje lenger føre ein politikk som baserer seg på vidare vekst, og der me kan kjøpe oss ut av problema. Vi meiner at Rogaland Fylkeskommune skal jobbe for energieffektivisering i eigen organisasjon, og støtte lokalt næringsliv med å finne gode klima- og miljøtiltak.
SV vil