Industrisamfunnet i Norge er heilt unikt. Vi har høg kompetanse og arbeidarane er i det heile godt deltakande i prosessar på arbeidsplassen. Dette skuldast i høg grad demokratisk deltaking gjennom fagforeningsorganisering. Det er viktig at vi fortset utviklinga av ein industri som forbruker mindre ressursar og som bidrar i utviklinga av eit meir miljøvenleg samfunn.
Kvar industribedrift som flaggar ut er ikkje berre eit tap for lokalsamfunn, arbeidsplassar og verdiskaping, det er eit tapt klimapolitisk verkemiddel. Kraftforedlande industri er samstundes viktig for lokalsamfunn, sysselsetting og verdiskaping. Rogaland er eit av dei viktigaste industrifylka i Noreg. Vår industrikompetanse er bygd opp over hundre år, og er avgjerande for vidareutvikling av ny industri. SV vil derfor at industrien får gode rammevilkår og langsiktige kraftkontraktar.
Ei systematisk satsing på nyskaping av miljøarbeidsplassar i privat og offentleg sektor vil kunne gje mange nye arbeidsplassar. Energisektoren er eit område der Rogaland har særleg høg kompetanse som kan nyttast til betre til å utvida produksjonen av varer og tenester.
SV vil:
SV vil ha eit sterkt norsk jordbruk som skaper liv og arbeidsplassar i distrikta. No importerer vi over 50% av maten vår. Me vil auka eigen matproduksjonen og betra bonden sitt økonomiske grunnlag. Norsk matproduksjon sikrar oss tilgang på klimavenleg og trygg mat i krisetider. SV vil spela på lag med den norske bonden, mellom anna ved å oppretthalda konsesjonsloven for å sikra framtidig drift. Vi vil støtta opp om ein variert bruksstruktur, fordi det vil også kunne la oss auke sjølvbergingsgraden vår.
SV ynskjer å styrka bøndene sine økonomiske vilkår gjennom ein betra forhandlingsposisjon, god handelsskikk, men og å styrka tollvern av jordbruksvarer me kan produsera sjølv.
Det norske jordbruket er verdiskapande og viktig for å oppretthalde busetjing og lokal matproduksjon. Den norske bonden er i verdstoppen når det gjeld dyrehelse, noko som mellom anna gir norsk husdyrhald eit svært lavt antibiotikaforbruk. Velferda for norske husdyr er stort sett god, men me skal framleis arbeida for at den skal bli betre. SV vil auka bruken av norsk grovfôr og utmarksbeite for å redusera importen av mellom anna soya, slik at me kan spara miljøet og skapa meir av verdiane heime.
Skogbruket er viktig for landet vårt, særleg som næring og arbeidsplass i distrikta, men også som ein del av eksporten vår. Skogen representerer ein fornybar ressurs som ved fornuftig bruk kan nyttast i all framtid. SV meiner me bør stimulera til meir bruk av tre av omsyn til miljø og fangst av CO2, men også av omsyn til arbeidsplassar og økonomi.
Gode tiltak i denne samanhengen vil vera å leggja til rette for bruk av ryddingsskog og skogsavfall i fjernvarmeanlegg. Me må også auka planting av klimaskog og halda oppe kravet til nyplanting i hausta plantefelt.
SV vil:
Fisk er ei sunn og viktig matressurs. Fiskeri er under press av overfiske, forureining og klimaendringar som gir økt temperatur og surskap i havet.
SV vil legge til rette for ei lokal og berekraftig fiskerinæring, og stoppe sal av norske ressursar til utanlandske eigarar. Dette er gunstig både for klimaet og for lokale arbeidsplassar; at råvarer foredlast lokalt, og ikkje på den andre sida av jorda.
Oppdrettsnæringa bidrar til produksjon av mat, arbeidsplassar og verdiskaping, men har og store miljøutfordringar. Oppdrettsnæringa står i dag for store næringsutslepp i fjordane våre og rømd oppdrettsfisk frå anlegga er ein trussel mot villaksen. Høg dødelegheit og sjukdom utgjer eit stort velferdsproblem for oppdrettsfisken. SV menier me må ha eit strengt regelverk og gode kontrollrutinar for å sikre ei berekraftig oppdrettsnæring. SV vil legge til rette for ein lokal og berekraftig fiskerinæring, og stoppe sal av norske ressursar til utanlandske eigarar. Det er gunstig for både klimaet og for lokale arbeidsplassar; at råvarer foredlast lokalt, og ikkje på den andre sida av jorda.
SV vil:
God tilgang til service og handel er viktig for alle innbyggjarane våre. Service og handel må finnast nært der folk bur. Handelssektoren må i aukande grad bli ein del av løysinga for berekraftig utvikling, og SV meiner Rogaland fylkeskommune må bruka overordna planverk for å sikra betre miljøeffektar og redusera klimagassutsleppa der dei samhandlar med næringane.
SV ynskjer å halda på søndagar og heilagdagar som handlefrie dagar. Dette er godt for både dei tilsette, familiane, for dei mange fritidsorganisasjonane våre og for miljøet.
SV vil:
Vi har eit forskingsmiljø i vekst i Rogaland. SV ynskjer å stimulere alt vi kan til å få fortgang i det grøne skiftet. Her vil forskingsinstitusjonane vere av stor viktighet.
SV vil: