Fylkeskommunen som innkjøpar og oppdragsgjevar
SV meiner at flest mogleg fylkeskommunale oppgåver skal utførast i eigen regi. Det er ikkje berre pris som skal bestemma kven som vinn anbod. Kvalitet, berekraft, lokal produksjon, tilbod om lærlingplassar og at arbeidstakarar sikrast rettar som fast jobb, lønn og pensjonsrettar er like viktig. SV meiner at fylkeskommunen må ta i bruk strenge verkemiddel for å kjempa mot utviklinga av sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Det skal også vera god kontroll med produksjons- og arbeidsforhold ved innkjøp av varer og tenester. Fylkeskommunen skal vektlegge miljøprinsippet føre minimumsprinsippet i alle sine innkjøp.
SV vil:
- at fylkeskommunen har ein innkjøpspolitikk som sikrar berekraftig utvikling og støttar lokalt næringsliv.
- at fylkeskommunen følgjer strenge etiske retningslinjer i alle kontraktinngåingar og anskaffingar.
- at fylkeskommunen fokuserer på Fair Trade/Etisk Handel/Rettferdig handel ved innkjøp.
- at fylkeskommunen skal i størst mogleg grad vurdera gjenbruk i sine prosjekt.
- at fylkeskommunen i stor grad nyttar seg av reserverte kontraktar med vekst- og attføringsbedriftene i innkjøp av varer og tenester.