Naturen treng eit sterkare vern mot vindkraftutbygging

Publisert av: Rogaland SV Publisert: 08. juni 2020
Oppdatert: 09. juni 2021
Lesetid: ca. 4 min
Les vedtaket frå SVs landsstyre 6. -7. juni her:

Vedteke av SVs landsstyre 7. juni 2020.

Det har vore ei rask utbygging av vindkraft på land dei siste åra. I løpet av ein kort periode er det gitt 88 konsesjonar. Mange av sakene er konfliktfylte utbyggingar der verken naturen eller lokaldemokratiet blir tatt omsyn til.

Arealendringar er den viktigaste årsaka til tap av naturmangfald. Å ta vare på naturen og økosystema er dessutan svært viktig for lagring og opptak av karbon. Dette understrekar at arealendringar må bli tatt på langt større alvor enn i dag.

Måten vindkraftutbygginga skjer på, er uakseptabel. Vindturbinar blir mange stader sett opp sjølv om dei folkevalde i kommunen ikkje ynskjer det. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) tillet bygging av vindkraftanlegg sjølv om det er gjort feil i saksgangen, krev ikkje konsekvensutgreiing av store endringar, og tillet bygging samtidig med at behandling av dispensasjonssøknader, endeleg godkjenning eller rettssaker er i gang.

Slik kan det ikkje fortsetje. SV krev at regjeringa raskt går gjennom konsesjonane som er gitt men enno ikkje påbyrja, for å finne ut om nokre av desse er gitt på feil grunnlag. Det kan vere at det i ettertid er avdekka manglar i utgreiinga, eller at det har kome til ny og viktig kunnskap om naturen i området. SV krev at utbygginga blir stoppa i alle saker der konsesjon kan vere gitt på ukorrekt eller mangelfullt grunnlag.

I rundt 20 av dei 88 konsesjonane som er gitt, er bygginga ikkje sett i gang, eller nyleg sett i gang. Ny kunnskap om negative effektar har kome til, og mange av prosjekta har blitt sterkt endra sidan konsesjonen blei gitt. SV stør den lokale motstanden mot desse prosjekta. I alle prosjekt som ikkje er sett i gang må det lagast ny konsekvensutgreiing.

SV har klare krav til eit nytt konsesjonssystem. Regjeringa har varsla ei stortingsmelding om nytt konsesjonssystem for vindkraft på land. Det eksisterande konsesjonssystemet har lagt lite vekt på dei miljøfaglege vurderingane og lokal kompensasjon for naturinngrep. Miljødirektoratet kom allereie i 2015 med sterk kritikk av saksbehandlinga til NVE. Ei anna klar svakheit ved det gjeldande systemet er at vindkraftanlegg på land er unnateke krava om arealplanlegging i plan- og bygningslova, og dermed overkøyrer kommunale arealplanvedtak. Eit nytt konsesjonssystem må tilfredsstille grunnleggande omsyn til miljø og demokrati.

I § 108 i Grunnlova står det: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.» SV meiner difor at styresmaktene sine vindkraftplanar i dei samiske områda er ei overkøyring av det samiske urfolket. Reindrifta treng store beiteareal, og reinen trekkjer mellom kyst og innland etter årstidene.

SV krev at

SV vil også arbeide for at framtidige utbyggingar blir gjort på måtar som er til nytte for, og ikkje skade for, norsk arbeids- og næringsliv. Det må leggast til rette for nærings- og industriutvikling og stillast seriøsitetskrav for å sikre akseptable arbeidsvilkår, særleg i anleggsfasen.