Lokallagskonferanse i Sandnes laurdag 25. april 2026 

Stad: Folkets hus i Sandnes

Kven er invitert? Alle styremedlemmer i lokallaga. Medlemmer i valkomitear, nominasjonskomitear og programkomitear er også velkomne. 

Praktisk informasjon: Det er gratis å delta, og Rogaland SV dekkar reiseutgifter. Det blir servert kaffi/te og lunsj. 

Etter at programmet er ferdig er alle velkomne til middag og sosialt på Delikatessen by foodfighters. Rogaland SV spanderer maten, den enkelte betaler drikke sjølv.

Program 

11.00-11.15    Velkommen ved fylkesleiar Reidar Sand. Presentasjonsrunde og presentasjon av programmet. 

11.15-12.00    Listestilling og nominasjonsprosessar. Korleis få stilt ei (god) liste til lokalvalet og gjennomføra ein god nominasjonsprosess? Innlegg ved Irmelin Sangolt Tjelflaat, Sola SV. Diskusjon. 

12.00-12.30    Lunsj 

12.30-13.15    Partiveteranar fortel om korleis det var å stifta eit parti og samla eit ueinigheitsfellesskap. Innlegg ved Gunnar Roalkvam og Anndi Lomeland Jacobsen.

13.15-14.00    Innbyggarkontakt. Korleis koma i kontakt med innbyggarane i kommunen? Dørbanking og andre metodar. Innlegg ved Yri Helene Ljosdal, leiar i Stavanger SV. Diskusjon. 

14.00-14.15    Pause 

14.15-15.00    Medlemsaktivisering og medlemskontakt. Korleis kan fleire medlemmer bli involvert i arbeidet og bidra med det dei kan? Korleis følgja opp medlemmene? Innlegg ved Ingrid Fiskaa, medlemsansvarleg i Rogaland SV.  Diskusjon.

15.00-15.45    Programarbeid fram mot lokalvalet. Diskusjon. Innlegg ved Tone Mari Sand, leiar i Suldal SV.

15.45-16.00    Pause 

16.00-16.45    Styrearbeid. Fordeling av ansvar i styret. Korleis få styret til å arbeida godt saman? Innlegg ved Øystein Nereng, leiar i Time SV. Diskusjon. 

16.45-17.00    Oppsummering og evaluering