Hå SV

Fra venstre: Jeanette Lea Romslo (1. kandidat), Vibeke Winther (3. kandidat) og Øyvind Kvitvær Leidland (2. kandidat)

Eit Hå for alle

Hå SV står for ein politikk for dei mange. Me kjempar for rettferdig fordeling, inkludering og miljøet. Samfunnsoppgåver og kriser kan ikkje løysast kvar for seg, det heng saman og må løysast saman. Hå SV går til val for å påverke den politiske retninga mest mogleg. I neste periode vil me derfor samarbeida med dei som gjev oss best gjennomslag for vår politikk. Hå kommune har bak seg periodar med auka bustadbygging, fleire lokale arbeidsplassar og solid opprustning av servicetilbodet. SV ønskjer eit samarbeid som er med på å vidareføre, og vidareutvikle disse prosessane i kommande periode.

Alle skal ha fridom og tryggleik til å vere den de er og elske den de vil. SV vil kjempe mot all mobbing, rasisme og diskriminering. Herunder seksuelle orienteringer, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitetar. I eit likestilt samfunn skal alle kunne leve opent ut sin identitet, kjærleik, seksualitet og kjønnsuttrykk. Regnbueflagget er i denne samanhengen ein naturleg måte å syne støtte til eit slikt samfunn.

Hå SV meinar at dei folkevalte må tørre å stå opp mot marknadskrefter og våge å peike ut ei felles retning for kommunen. Me treng ei endring i den politiske kursen om me skal skape eit meir inkluderandesamfunn. Det er på tide at interessene og behovene til vanlige mennesker og naturen si tålegrensa kjem først, og ikkje enkle populistiske løysingar.

Styring av offentlig sektor skal bygges på nærhet til folk, respekt for fagfolk og aktiv medbestemmingfor tilsette og innbyggjarar. I eit samarbeid vil SV ha sine hovedprioriteringer som kan uttrykkjast med tre ord: Velferd, tryggheit og omfordeling.

Program for Hå SV 2023-2027

Les heile programmet her

Last ned hå sv, valgprogram 2023-2027

Følg oss på Facebook!