SV definerer seg som eit sosialistisk, feministisk og antirasistisk miljø- og fredsparti.
Tysvær må ta på seg sin del av ansvaret for ei berekraftig utvikling lokalt, nasjonalt og globalt. I staden for ukritisk vekst – «Meir av alt – raskare» – må me stansa opp og spørja kva som skal til for å sikra gode vilkår for menneske, natur og klima på kort og lang sikt.
Fellesskap og samarbeid må erstatta oppsplitting og hard konkurranse. Tysvær SV brenn for eit varmare samfunn, og mottoet er: «For dei mange, ikkje for dei få».
I programmet vårt har Tysvær SV tatt utgangspunkt i kommuneplanen som det viktigaste styringsdokumentet i kommunen. Han skal gjelda i perioden 2023-2035. Me listar opp kommunen sine uttalte visjonar, og legg til vår eigne strategiar som skal oppfylla desse visjonane.
Følg oss i sosiale medier!