Arbeidsprogram 2023–2027

Folkemakt – ikkje pengemakt

Rogaland SVs arbeidsprogram 2023-2027

Rogaland SVs arbeidsprogram for perioden 2023 til 2027 ble vedtatt på høstkonferansen med nominasjonsmøte 22.-23. oktober 2022

Last ned arbeidsprogram for rogaland sv 2023-2027 vedtatt

SV er eit sosialistisk og feministisk miljøparti, som arbeider for likskap og rettferd.

SV vil vidareutvikla det beste med det norske samfunnet: små forskjellar, sterke fagorganisasjonar og eit godt utdannings- og velferdstilbod. Me vil at skattepengane våre skal koma innbyggarane til gode, og ikkje hamna i skatteparadis, eller i lommane på velferdsprofitørar. Dei fleste av oss er best tent med sterke fellesskap. 

SV vil at dei tilsette skal bli vist tillit. Me vil at kvalifiserte og kompetente tilsette skal få utføra jobben sin utan overdriven kontroll, skjemavelde og rapporteringskrav. Samtidig vil me sikra gode arbeidsforhold gjennom rett til heile, faste stillingar.

SV er eit fredsparti, og vil styrka den internasjonale solidariteten. Me trur at me alle lærer og forstår meir gjennom samarbeid med andre. Internasjonalt samarbeid kan føregå gjennom gjensidige vennskaps- og samarbeidsavtalar med byar og regionar i andre delar av verda. SV vil ta opp situasjonen for flyktningar, asylsøkarar, innvandrarar og utenlandsadopterte i alle samanhengar der det er mogleg. SV vil ta kampen mot alle former for rasisme og jobba for god integrering og ein meir menneskeleg flyktning- og asylpolitikk og utenlandsadopsjons politikk. Internasjonal solidaritet handlar også om rettferdig handel med omverda.

SV vil styrka velferdstenestene. Me meiner at tennene er ein del av kroppen, og vil arbeida for gode tannhelsetenester, og for at folk skal ha råd til å motta desse tenestene. SV vil arbeida for inkludering og universell tilrettelegging i alle fylkeskommunen sine verkeområde. SV vil motarbeida sentralisering, privatisering og konkurranseutsetting og vil arbeida for å ta oppgåver tilbake til folkevalt styring.

SV ønsker å behalda fylkeskommunen som forvaltningsnivå og vil gi fylket større ansvar på område som helse, samferdsel, distrikts- og regionalpolitikk, næringspolitikk, miljøvern, arealforvalting og landbruk.

Rogaland SV har i perioden 2019-2023 arbeidd med å styrka hurtigbåttilbodet i Ryfylke, forsøk med frukost til elevar i vidaregåande skular, 10-krones buss i både nord- og sørfylket, og å trygga Riksveg 13.

I den komande perioden vil me fortsetta å arbeida for eit grønare og meir rettferdig samfunn. Det vil me gjera med å jobba for miljøkort for alle i fylket, rett til å gå på nærskulen, vera ein sterk forkjempar for jordvern, og for ein trygg Riksveg 13.

Valet i 2023 er eit verdival. Ein stemme til SV er ein stemme for meir makt til innbyggarane, for sterke fellesskap, for miljø, trygge arbeidsplassar og solidaritet. Det er ein stemme for meir folkemakt og mindre pengemakt.