Klima/Miljø

Klima/Miljø

SV meiner klimasituasjonen i verda er den største utfordringa me står ovafor – omsynet til klima og miljø må gjennomsyre alt me gjer både globalt, nasjonalt og lokalt.
SV vil:

  • At kommunen skal arbeide for klimanøytralitet innan 2030, dvs at kommunen ikkje skal sleppe ut meir klimagassar til atmosfæren enn det den greier å fange opp eller fjerne
  • Alle kommunale nybygg skal innan 2030 vere utsleppsfrie og produsere meir energi enn dei brukar
  • Eksisterande kommunale bygg skal opprustast med sikte på redusert utslepp og energibruk, solceller el.l bør vere standard
  • For å førebygge vidare tap av urørd natur skal kommunen innføre arealrekneskap og arbeide mot å vere arealnøytral innan 2030
  • At kommunen – i dei selskapa dei er medeigar i – skal vere pådrivar for klimanøytralitet og energipositivitet i alle selskap
  • At kommunen skal støtte aktørar som arbeider mot matsvinn og samarbeide med matkjedene lokalt for gjenbruk av mat som er i ferd med å gå ut på dato
  • Tilrettelegge for at landstraum er tilgjengeleg for båttrafikk og arbeide for at landstraum blir standard ved alle hamner i kommunen
  • At kommunen praktiserer vern av strandsona og byggeforbod i 100-metersona