Kultur, Idrett og friluftsliv

Kultur, Idrett og friluftsliv

Kulturtilbod er viktig for trivsel. Kulturpolitikken skal både gje innbyggjarane tilgang til kultur og gje dei moglegheit til å utøve kultur. Kulturskulen er til for å framelske og dyrke dei kreative kreftene hjå innbyggjarane.
SV vil:

  • At kulturskulen har plass til alle som ønskjer det
  • At kulturskulen skal vere mangfaldig, rimeleg og halde eit høgt fagleg nivå
  • Bygge svømmehall på Tau
  • Støtte opp om lokale kulturaktørar og frivillige organisasjonar
  • At flest mogleg får høve til å delta i frilufts- og idrettsaktivitetar
  • Innføre kulturkort for ungdom
  • Ha nytt kulturhus, eventuelt i kombinasjon med et nytt rådhus