Oppvekst og levekår
Barn og unge er framtida vår, og ein god barndom varer livet ut. Arbeidet med inkludering og integrering startar i barnehagen, og held fram i skulen. Gode kommunale tenester og oppfølging som er tilgjengeleg for alle er ein viktig del av likeverdet og arbeidet med likestilling.
SV vil:
- Auka grunnbemanning i barnehage, grunnskole, SFO og i omsorgssektoren. – Tillitsreform i offentleg sektor. – Utgjevne sosiale forskjellar med gratis kjernetid og søskenmoderasjon i SFO, skulelekser med veiledning framfor heimelekser og gratis skulelunsj. – Styrke tverrfagleg og tverretatleg samarbeid i offentleg sektor, styrke spesialpedagogiske tilbod i
skule og barnehage, sikre helsesjukepleiar og sosialfagleg tilsette i skulen. – Sikre tilstrekkelege og verdige omsorgs-, bu- og omsorgstilbod slik alle får den hjelpa dei har behov for. Styrke forebyggande arbeid og ettervern. – Innføre «Leige for å eige» modellen for å redusere terskelen inn på bustadmarknaden.