Samferdsel
Kommunen skal ha effektive og funksjonelle samferdselsløysingar der omsynet til ressursbruk og miljø skal ligge i botn.
SV vil:
- At kommunen skal arbeide for at transportbehov vert dekka av utsleppsfrie køyretøy innan 2030. Dette gjeld må skuleskyss og kollektivtransport.
- At kommunen skal arbeide for reduserte prisar på kollektiv transport.
- Seie nei til bompengar og at dagens bompengesatsar må frysast. Også utanlandske turistar må betale bompengar i Ryfast.
- Arbeide for gang- og sykkelveg til Nordmarka og frå Høyland til Fiskå
- Trygge skulevegar, skolebuss for elever med lang og/eller farleg skuleveg.