Sosialistisk Venstreparti i Time går til val mot aukande forskjellar, mot øydelegging av matjord, klima og natur, og for gode og trygge lokalsamfunn. Me vil ha lokalsamfunn for dei mange – ikkje for dei få.
Me ønskjer eit samfunn med små forskjellar og sterke fellesskap, der alle er inkludert og me tar vare på kvarandre. Alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, etnisk opphav, seksuell orientering og økonomi.
Me har vore gjennom ei tøff tid med pandemi, auka straumprisar og no dyrtid. Me vil møta mange utfordringar framover. SV vil alltid jobba for å ta vare på tenestene og sørga for ei trygg styring av kommunen.
Følg oss i sosiale medier!