Suldal SV

Me lever i ei skjebnetid for klima og naturmangfald. Suldal rår over meir natur per innbyggjar enn dei fleste. Framtida er ikkje noko me kan overlata til globale og nasjonale beslutningsorgan. Suldal må og minska sitt klimaavtrykk.

Å veksa er ikkje noko mål i seg sjølv, men å leggja til rette for at dei som bur og flyttar hit trivast, er eit mål. Det vert ei oppgåve å definera kva som skal vera ”godt nok” som kommunalt servicenivå. Frå no må det vera ”inn” med nok og ”ut” med meir.

SV vil vera eit grønt klima- og miljøparti og eit raudt nærings- og fordelingsparti.

Følg oss i sosiale medier!