SULDAL SV SITT ARBEIDSPROGRAM FOR 2023 -2027

MEIR ENN NOK ER FOR MYKJE

Me lever i ei skjebnetid for klima og naturmangfald. Suldal rår over meir natur per innbyggjar enn dei  fleste. Framtida er ikkje noko me kan overlata til globale og nasjonale beslutningsorgan. Suldal må og minska sitt klimaavtrykk.

Å veksa er ikkje noko mål i seg sjølv, men å leggja til rette for at dei som bur og flyttar hit  trivast,  er eit mål. Det vert ei oppgåve å definera kva som skal vera ”godt nok” som kommunalt servicenivå. Frå no må det vera ”inn” med nok og ”ut” med meir.

SV vil vera eit grønt klima- og miljøparti og eit raudt nærings- og fordelingsparti.

KLIMA, MILJØ OG NATURMANGFALD

Klima. miljø  og naturmangfald må vera overordna i all kommunal planlegging og drift, og all kommunal sakshandsaming må ta inn klima og miljøkonsekvensar der det er relevant.

Stønadsordningar må ta sikte på å hjelpa jordbruk og anna næringsliv i meir berekraftig retning. Større kaianlegg må ha landstraum. Me vil ikkje regulera nye felt til hyttebygging. Nye tomter må ikkje  kollidera med naturomsyn.

Særs artsrike område, dyrka mark og myr må vernast.

Kommunen skal verta ein nullutsleppskommune.

OPPVEKST

SV vil ha ein varig og god barneskule- og barnehagestruktur, nok personale med gode kvalifikasjonar slik at me bevarer eit godt oppvekstmiljø og senka foreldrebetalinga  i barnehage og SFO.

Me vil arbeida for eit godt og sunt skulemåltid.

Stø opp om den allsidige kulturskulen, og syta for at den er så rimeleg at alle som vil kan nytta han.

ELDREPOLITIKK

Me skal ha god heimesjukepleie, gode heimehjelpstenester. nok sjukeheimsplassar av høg kvalitet og god tilgang til rett nytta omsorgsteknologi.

SV vil leggja til rette for  aldersblanda aktivitetar

MANGFALD OG INKLUDERING

Suldalssamfunnet er blitt stadig meir mangfaldig dei siste åra. SV vil jobba for at alle som bur i Suldal blir ein del av fellesskapet gjennom å sikra gode og likeverdige tenester til alle, uavhengig av språkleg og kulturell bakgrunn. Suldal skal ta imot minst det talet på flyktningar som IMDI oppmodar oss til, og samarbeida aktivt med næringslivet, lag og organisasjonar om busetting og inkludering av flyktningar og innvandrarar.

NÆRING

Stø opp om kommunalt næringsarbeid med stønad til næringsutvikling, nyatableringar og grunderverksemd og etablera eit grunderstipend. Vidareutvikla aksjonsplan for jordbruket slik at jorbruket får hjelp til omlegging i klimarett retning. Utvikla lokal trevareindustri bygd på mest mogeleg lokalt virke.  Næringsfondet skal prioritera tiltak som stimulerer til berekraft.

Prioritera villaks og naturmangfald framfor meir fiskeoppdrett og auka aktivitet innan bergverk og industri. Yta motstand mot kortsiktig og rask utbygging av vindmøller på land og til havs.

Vera rause i rolla som vertskommune for Ryfylkemuseet og Topp Volly, men stilla krav. Satsa på desentralisert vidaregåande utdanning særleg med tanke på skuleverk, helse og lokalt næringsliv.

Turismen skal vera tufta på lengst mogeleg opphald og mest mogeleg lokal oppleving.

Kommunen skal vera ein god og lyttande arbeidsgjevar og leggja til rette for godt samarbeid med fagrørsla.  Me må vera meir framoverlente og nytenkjande for å rekruttera dei fagfolka me treng .

KULTUR

Ta godt vare på distriktsmusikarordninga. Ha eit aktivt kulturhus med  kunst, bøker og lokal kulturskaping, mat og aviser. Alltid ha rom for teater, revy og musikk og søkja aktivt samarbeid med Rogaland sine sentrale kulturinstitusjonar.

Arbeida for eit godt lagsliv i alle grender, gode idrettsanlegg og gode stiar,  turløyper og kart.

Kommunen skal, om naudsynt, vera ein aktiv og støttande deltakar i alt som byggjer identitet, det vera seg Møgedalsmarknad, revyliv, kyrkjelydsliv, Ryfylkedagar og anna.

Pleia kulturlandskap og bygningsarv.

SAMFERDSEL

Stå på for rasfrie vegar. Ha godt kommunalt vegvedlikehald med godt tilbod om snøbrøyting.

Ta vare på (helst elektrisk) hurtigbåt til Stavanger. Etablera  ”hent-meg”ordning og betre korrespondanse mellom kollektivordningane i Suldal

Ha gode telefon og nettilhøve.

Arbeida for å realisera Haukelibanen!

HELSE

Ha ei offentleg legeteneste og legevaktordning som skaper  og gjev tryggleik for både pasientar og helsepersonale.

Gi helsesjukepleiartenesta,  fysioterapeutane, barnevern og lågterskeltilbod til barn og familiar nok ressursar til å driva førebyggjande arbeid og behandling.

Gje folkehelseperspektivet høg prioritet i alt kommunalt arbeid.

 STEM SV!