– Alle barn skal har rett til ein trygg oppvekst og framtid. Derfor er ein god skule, vern av matjord og natur og betre kollektivtilbod på heile Jæren viktige hjartesaker for meg.
– Å verna Kvernaland, naturen og matjorda mot nedbygging er viktig for meg! Time skal vera ein god og rettferdig kommune å bu og jobba i, same kven du er og kor du bur.
– Alle som arbeider i kommunen skal ha rett til heil og fast stilling. Me treng òg eit sterkare demokrati der innbyggarane skal kunna påverka viktige avgjerder.
– Me må tenka 50 år framover, ikkje fem. Mine hjartesaker er kampen for miljøet, for kulturen, for ungdommen og mot pengemakt, tomprat og generell dumskap.