Heidi Bjerga frå Sandnes stiller til gjenval etter ein periode på fylkestinget, og Monika Kvilhaugsvik frå Karmøy står på andreplass.
– Eg er høgt motivert for å fortsetta jobben i fylkestinget, seier Bjerga. – Eg vil arbeida for betre kollektivtrafikk, gode vidaregåande skular og næringsutvikling i heile Rogaland. No må me ta kampen mot klimaendringane på alvor og jobba for ei betre framtid for våre barn og barnebarn.
Bjerga har også to periodar i Sandnes bystyre bak seg, og er nominert på førsteplass på SV-lista i Sandnes for tredje gong.
Monika Kvilhaugsvik er vara til fylkestinget denne perioden, og vil kjempa for fast plass i neste periode. – Eg vil arbeida for at folk i Rogaland skal kjenna at dei har eit godt fylke å bu i. Eg vil stå på for gode vilkår for elevar, lærlingar og tilsette alle stader i fylket vårt og at me tar godt vare på dei fantastiske fellesressursane me har på land og i sjø og vatn. Eg er glad for at eg har fått nominasjonsmøtets tillit, seier ho. Kvilhaugsvik er også leiar i Skolenes Landsforbund i Rogaland, og har leia programarbeidet i Rogaland SV.
På tredjeplass har SV nominert den 18-årige ungdomskandidaten Reidar Sand frå Suldal. Edle Songe-Møller frå Stavanger er fjerdekandidat, Halvor Thengs frå Eigersund står på femteplass, og Marianne Sol Levinsen frå Karmøy er sjettekandidat.
– Me er svært fornøgde med å ha ei så god blanding av erfaring og nye krefter i toppen av lista, seier Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV. – Det er gode utsikter til å få inn to SV-arar på fylkestinget neste år, og det betyr endå sterkare innsats for rettferd og miljø i Rogaland.
Her er Rogaland SVs kandidatar til fylkestingsvalet: