Klepp SV

Klepp SV vil vidareutvikla det beste med det norske samfunnet: Lokaldemokrati, små forskjellar, sterke fagorganisasjonar, gode og rettferdige vilkår for arbeidstakarar, eit godt utdannings- og velferdstilbod, integrering og styrking av det grøne skiftet.

Gjennom gode fellesskapsløysingar kan folk få eit liv der dei får brukt potensialet sitt og får ein trygg og god kvardag. I dag blir dette truga gjennom høgare rente og auka prisar på straum og mat samstundes, noko som særleg rammar dei lågtløna, minstepensjonistar, åleinemødre, arbeidsledige og sosialhjelpsmottakarar. I det rike Norge stiller tusenvis seg i matkøar der det blir delt ut gratis mat. Det er uverdig og skammeleg at det har blitt slik i eit av verdas rikaste land. SV vil at det skal førast ein politikk for betre fordeling og større sosial utjamning. Dei rikaste må bidra meir til fellesskapet, slik at «folk flest» kan leva eit anstendig liv.

Listekandidatar 2023

SJå heile lista her

Last ned klepp sv – liste til kommunevale 2023

Program 2023-2027

Les heile programmet her

Last ned program klepp sv 2023-2027

Følg oss i sosiale medier!